Det uverkelege vart verkeleg

Det uverkelege vart verkeleg

Annakvart år øver redningsetatene sine mannskap ilag med Sunnbordaland Lufthamn, Air Stord og fylkessjukehuset på Stord på beredskapsplanen for flyplassen. Slike øvingar er svært viktige å få drillet inn for dei enkelte redningsetater, og dei andre involverte partar.

I Stord brann- og feiervesen har det dei siste åra vert stor utskiftting av brann- og redningsmannskap. Det har vert ny giv da nye unge brann- og redningsmannskap har positivt gått inn i jobben med åpent sinn, utadvendte og med ei interesse som har vert svært høg.
Dei siste år har kommunen vert råka av svært mange brannar og svært mange og store trafikkulykker med omkomne, og ikke minst flyulykka ved Sørstokken 12. oktober i år.

Flyulykka

Midnatt var passert og klokka var 00,30 mandag 12. oktober då alle brannmannskap blei vekt av personsøkjaren. Det var alarm frå AMK og meldinga var at eit fly med 8-9 personar var styrta ved Melkevik søraust for Sørstokken. Flyet var ein danskregistrert Cessna 402 med danske arbeidare på veg til Aker Stord.
Brannmannskapa i Stord kommune er deltidsmannskap slik at alle mannskap møter på stasjonen etter alarmen. På stasjonen som ligg i Leirvik sentrum må dei ta på seg kleda og køyrde ut der i frå til havariplassen som ligg 12 km fra Leirvik. Brannvogn i køyrde ut cirka kl. 00.35 med fem mannskap i bilen og deretter kjem og brannvogn 2 og 3 etter kvart som dei blei fyld opp. Bistasjonen i Sagvåg som ligg bare 500 meter fra havariplassen, blei og varsla. Mannskapa på denne stasjonen har i oppgåve, i henhold til beredskapsplanen, å plassere ut mannskap ved veg- krysset Stokken, Sunnhordaland Lufthamn og Fitjar. Deretter skal Sagvågen etablera samlingplass for hjelpestyrker.

Når brannmannskap frå Stord kom til ulykkesstaden, var Sunnhordaland Lufthamn sine brann- og redningsmannskap i gang med å legga ut brannslange mot havariplassen. Klokka var då cirka 00.45 og flyet var overtent etter havariet. Alle passasjerane blei raskt konstatert omkomne. Brannmannskapet frå Stord vart involvert i slokkingsarbeidet med alle disponible mannskap.
jeg ankom som fagleder brann kl. 00.48 og etablerte då eit KO på ulykkesstaden. Brannbefalet fekk i oppgåva å ta all disponibelt mannskap til å gjennomføra fleire søk i område rundt havariplassen. Med i denne gruppa var og frivillige som melde seg. Litt senere ankom vakthavande befal Oppedal som overtok samlingsplass for hjelpestyrker slik at jeg kunne ha radiokontakt med alle involverte mannskap frå Stord.

Brannen på ulykkesstaden vart raskt sløkt. Fleire redningsmannskap var nå kommen til ulykkesstaden og oppgåva deira vart å få ut aggregat og lys. Brannmannskap frå Fitjar kommune vart varsla i ein tidligere fase spesielt med tanke på redningsverktøy og lysaggregat slik at når dei ankom kl. 01.15 hadde dei sin oppgåve.
Brannmannskapet fungerte vidare som vakt på ulykkesstaden slik at politiet fekk begynna med teknisk og taktisk etterforskning. Brannmannskapet foretok streifrundar i terrenget rundt ulykkesstaden gjennom heile natta. Det var i alt 35 mannskap frå Stord involvert i arbeidet. Samarbeidet mellom redningsetatane fungerte meget bra på ulykkesstaden. Kl. 04.00 vart det laga ei sammankomst med brannmannskaper, skadestedsleiar Langeland frå Stord lensmannskontor, Ådnanes frå Nysæter kyrkje og Aasheim frå kommunelegane. Her blei det fortalt at redningsaksjonen vart gjort etter boka. Etter sammenkomsten returnerte dei fleste av brannmann- skapa tilbake til stasjonane. Åtte av brannrnannskapa vart igjen på ulykkesstaden for å bistå politiet, Kripos og havarikommisjonen.
Dei siste frå Stord brannvesen returnerte frå ulykkesstaden klokka I 7.40. Klokka I 8.00 vart det laga ei debriefing for brannmannskapet i rådhuset i Leirvik og ein time seinare slutta andre redningsmannskap seg til debriefinga. Også prestar, ordførar i Stord, legar, kommunesjef og andre var til stade.

Debriefing

Etter kvar brann og ulykker der det er omkomne, er det svært viktigt å gå i gang med etterarbeid for redningsmannskapa. Dette arbeidet synes jeg er det viktigaste arbeidet, som ein arbeidsgivar har overfor sine ansatte.
Kommunen vart råka av større trafikkulykker i 1997 og i år og mykje av lærdommen har mannskap og ledelse henta her. Mandag 12. oktober vart ein dag der mannskap og ledelse vart satt på ein stor prøve. Alt kriseteam vart sett i gang frå Stord og man henta tidlig hjelp frå Senter for krisepsykologi i Bergen, då dette vart ei prioritert oppgåva.
Det var svært viktigt å setta krav til at mannskaps møtte opp på debriefingane i begynnelsen, då det var viktigt å snakka ut om flyulykka. Som brannsjef tok jeg mannskapet med ut på ulykkesstaden og ein var og med på minnestunda ved Aker Stord der dei omkomne hadde sin arbeidsplass.

I ettertid er det komme svært positive tilbakemeldingar på at det ein gjorde var rett, men ein er aldri forsikra mot at redningsmannskapet ikkje kan få mein etter ei slik hending.

Børge Prestbaug, brannsjef, Stord brann- og feiervesen

Publisert: 08-12-1998

COMMENTS